Os Mannskor REISEBREV o.a

"Feuer und Stimme" i St. Michael i Østerrike

og område i og rundt Desenzano ved Gardasjøen i Italia.

Os Mannskor var på veg til Songarstemna i Lungano i Austerrike 12. - 15. juni. Dei fleste medlemane duppa og sov på flyturen Flesland/München, og ikkje alle fekk med seg alt på bussturen til lunsj i Saltzburg. Flyavgang torsdag klokka 7 med endå tidlegare bussavgang fra Os, var nok årsaka til dette. Men ettersom bussen vår fossa oppover og framover blei det meir og meir som ein tur langsmed ein vestlandsfjord med høge fjell på begge sider, men fjorden var ikkje blå: Grøne, veldyrka marker med små, pittoreske landsbyar var kulissane kring motorvegen som førde oss til St. Michael, som skulle bli heimstaden vår dei neste fire dagane fram til sundag, og heimen vår, hotellet WastlWirt.

«Feuer und Stimme» er namnet på festivalen vi hadde meldt oss på, men kva er eigentleg ein korfestival?

Denne var internasjonal, og her var i tillegg til oss og austerrikske kor, kor frå Russland, Tyskland, Ungarn. Og det var mykje korsong, på plassar, i kyrkjer, i møtesalar, det var prosesjonar og det var endelause opnings- og avslutnings-presentasjonar der over 50 (?) kor skulle nemnast. Det var også flotte fanar, så noko nært «Bauekorps-framføring» blei det nok av og til. Men konsertane i kyrkjer og i slottsborggårdar var av verkeleg fin korkvalitet, så summen av det kormusikalske er absolutt positiv.

Ramma kring festivalen er likevel det dei fleste nok best vil minnast: Hotel Wastlwirt med spesiell og vakker inreiding, og det alltid smilande og positive personalet var nok ein god plattform for opphaldet. Omgjevnadane, den grøne og vide dalbotnen med smågardar, kyrkjer og slott rama inn av fjell opp mot over 1000 meters høgd over dalbotnen, var på same tid pittoresk og overveldande. Lungano er eit verna område, så her er menneskeinngripnaden begrensa. Dette får fram eit naturleg og spanande planteliv, samstundes som samfunnet er velregulert og effektivt.

Vi fekk freiste oss som høgfjellsturistar og var med på fjellandakt og vanleg fottur i omlag 2000 m høgd. Vi var nok då nokre medlemar som merka at vi ikkje lenger var 22 år, ja.

Vidare til Italia

Sundagen kring lunsjtid starta bussturen til Italia gjennom Brennerpasset, og her fekk vi òg syn for at Noreg ikkje er åleine om å kunne kalla seg «fjelland»; imponerande, men Desenzano var målet vårt og skulle bli heimstaden vår fram til torsdag morgon.

Her låg fjellheimen eit stykke unna, men gav ei imponerande innramming kring Gardasjøen. Hotellet vårt, «Villa Maria», gav oss hotellrom eller hytter og hadde gåavstand både til byen og til vatnet. To guidar følgte koret frå morgon til kveld. Dei var svenske, smilande, flotte og dyktige jenter. Dei tok oss med på tur inn til nabobyen og på båttur pa Gardasjoen med fin guiding både i Sirmione og i Bardolino. Vi fekk også vera med dei på tur til ein vingard med vinsmaking, og til godt guida tur til Verona.

Herlege og avslappande dagar langs Gardasjøen tok slutt torsdag morgon. Då bar det med buss over norddelen av Posletta fram til flyplassen utfor Milano, og så var det heim til same godvêret vi hadde hatt på turen. Os Mannskor med korkåner takkar turoperatørar, hotell, guidar og lokale krefter der me kom, for ein fantastisk, flott tur!

Skrivar

Nils Henrik Tuastad

 

2015

Made with Adobe Muse

Kontakt oss: brev.til@osmannskor.no

Webansvarlig: Thore Lunde thore@osmannskor.no

Adresse: Postboks 238 , 5202 Os.

Retur til

"Det Skjedde"