Os Mannskor reisebrev o.a.

 

2008: Tur til vårt venskapskor ARION i Hjørring, Danmark

 

Etter initiativ frå eit av styremedlemene vedtok styret hausten 2007 å registrera mannskoret "Arion" i Hjørring i Danmark som venskapskor.

 

Midt i september det neste året blei det så tur for å vitja koret. Turen starta fredag middag med buss til Bergen og ombordstiging i m/s Bergensfjord, med ankomst Hanstholm lørdag morgon kl. 09.00. Noko av grunnen til at det passa med eit venskapskor i Hjørring var at byen ligg berre nokre kilometer frå ferjeleiet i Hirtshals. Men til vi var klare for turen, var ferjeruta lagt om, så ferja gjekk til Hanstholm i staden, og koret fekk ein busstur på eit par hundre kilometer i tillegg.

 

I Hjørring blei vi innkvartert på Hotel Phønix. Innsjekkinga der måtte damene våre ta seg av, for koret måtte møta straks på Arion sitt klubbhus til felles øving. Koret hadde heilt eige klubbhus, som dei kunne opphalda seg i når dei ville. Korkulturen var også noko annleis enn vi var vane med, for her sto kassar med pilsnerøl framme, og det var berre å forsyna seg og leggja ein tiar for flaska i ei skål. Ei utfordring for oss, og særleg dirigenten, som legg stor vekt på å vera upåverka når vi syng. Mange av oss forsynte seg av kassene for ikkje å syna manglande respekt for venskapskoret sin kultur, og det såg ikkje ut som det hemma oss på noko vis når vi seinare på dagen var ute og song for publikum på eit stort kjøpesenter, Metropol. Vi song både frå eit stort galleri der, og på gata utanfor, og kunne registrera mange blide fjes blant publikum.

 

Om kvelden var det festmiddag saman med Arion-medlemene og deira fruer, som då også fekk møta våre. Arion hadde 110-årsjubileum dette året, og vårt besøk var sjølvsagt med og fargeleggja jubiléet. Det blei tala og overrekt gåver frå oss, og sjølvsagt song av båe kora. Det mange av oss ikkje hadde registrert, var at dette var eit kor som var ei arbeidar-songforeining, og difor hadde mange arbeidarsongar på repertoaret, med nydelege melodiar og utfordrande tekstar. Men dette var også svært kultiverte menneske som vi hadde det hyggjeleg saman med.

 

Sundagen måtte vi nytta til den lange heimreisa via Hanstholm, og var ikkje i Bergen før måndags morgon. Alt i alt var det ein fin og lærerik tur, med songleg suksess, og som vi i ettertid er svært nøgde med å ha opplevd.

 

 

 

 

Fleire bilete

Made with Adobe Muse

Kontakt oss: brev.til@osmannskor.no

Webansvarlig: Thore Lunde thore@osmannskor.no

Adresse: Postboks 238 , 5202 Os.

Retur til

"Det Skjedde"