Os Mannskor i Irland 2010

 

Os mannskor er 85 år dette året, og tradisjonen tru dro vi på jubileumstur.

 

Det var ingen som prøvde seg på song i dei to bussane som drog frå Osøyri til Flesland 27.juni; jamvel om passasjerane var  Os Mannskor og korkonene, eller ”grupiane”, som dei heiter når dei ikkje høyrer det. Klokka var fem om morgonen, og vi var på veg til Irland via Gardermoen.

To bussar frakta oss fra Dublin Airport til Killarney. Ein norsk og ein svensk guide gav oss heile tida naudsynt informasjon om irsk historie, landsbyar, dei ymse ku- og sauerasane som aula omkring i det grøne, bølgjande landskapet, og kva som elles kunne interessera eit sovande mannskor. – Utpå ettermiddagen kom vi fram til Killarney, ein sjarmerande by med om lag 15 000 innbyggjarar. Der  skulle vi ha fire overnattingar på Killarney Tower Hotel, eit greitt hotell, midt i sentrum av byen. Vegen til irske pubar med fengjande musikk var kort!

Koret hadde ein konsert i Killarney, men vi fekk vere med på så mykje meir på desse fire dagane. Kvar dag var det utflukter og sightseeing i området kring byen. Etter å ha sove første natta på hotellet fekk vi ein busstur til Midleton med omvisning i det gamle destilleriet der det blei produsert Jameson Whiskey fram til 1966.

 

Då gjekk dei saman med konkurrentar og bygde opp The New Midleton distillery. Vidare gjekk bussturen til Cobh Heritage Centre der ein nedlagt jernbanestasjon var nytta til ei instruktiv utstilling og informasjon om irsk utvandring. Om kvelden hadde koret konsert i St. Mary’s Church saman med Cantaloupe Choir, ei lita gruppe frå Dingle. Kyrkja var stappfull, så vi opplevde det sjeldne: At dei medbrakte klapparane var i absolutt mindretal!

Dagen etter var vi på busstur, ein rundtur kring halvøya Kerry, ”The Ring of Kerry”, som det vert kalla. Dette var ein opplevingstur gjennom frodig, bakkete kystlandskap med fjordar, holmar og åsar mest som heime, men grønare og frodigare. Her finn du Fuksia som hekkplante og viltveksande Rhododendron. Vi fekk helse på ein sauebonde som heldt ei fantastisk framsyning av korleis han med to gjetarhundar og fløytesignal hadde full kontroll over saueflokken sin, noko som særleg skulefolk i koret viste stor interesse for! Ferda gjekk gjennom sjarmerande landsbyar, og vi hadde lunsj i ein av dei, ei særleg vakker turistfelle, Sneem.

 

Ring of Kerry var ei oppleving, men neste dag reiste vi med hest og kjerre fra Kate Kearney´s Cottage  over bergpasset The Gap of Dunloe, til Lord Brandons Cottage, der vi fekk lunsj og vandra rundt i parken til det var tid for eit par timars båttur ”heim”- att gjennom The Three Lakes of Killarney. Mesteparten av turen som tok 3-4 timar, var vi innanfor eit enormt friområde som heiter Killarney National Park. Denne verna ”villmarka” er nok ein viktig grunn til at Killarney er så populært  som turistmål.

Femte dagen var det tidleg frukost med utsjekk frå hotellet og avgang med buss til Dublin. På vegen var vi innom Limerick for å vitja Bunratty Castle & Folk Park. Borga er frå 1400 – talet og blei restaurert 1954. Med ein del møbler og utstyr på plass og god guiding, får vi her eit inntrykk av korleis livet kan ha vore i borga til ein herskar omkring 1600. Utanfor borga er det bygd opp ein landsby på omlag tjue hus frå perioden 1800 – 1900, med skole, butikk, mølle, verkstader og det ein elles kunne vente å finne i ein landsby frå denne perioden. Mellom og i husa gjekk det folk, kledde i tidsriktige klede, og dei var meir enn viljuge til å orientere og fortelje kva som gjekk føre seg i landsbyen for 100 – 200 år sidan.

Vi duva videre i behagelege bussete, og kom til Dublin godt utpå ettermiddagen for å ta inn på Trinity Capital Hotel. Midt i sentrum også denne gongen, mellom Temple Bar og Trinity, ikkje så langt frå ”Molly Mallone”. Dette er eit hotell med særpreg, med sine tydeleg egyptisk – inspirerte salongar som kan gje ei kjensle av ein fordums mystikk og dekadense.

Neste morgon fekk vi sigtseeing i hovudstaden med vitjing på Trinity for å sjå verdas eldste bok, Book of  Kells, ein montasje som verkeleg var verd å få med! Ikkje berre blir boka, eller rettare bøkene, viste, men vi får også ei grundig innføring i det nitide arbeidet som ligg bak framstillinga av handskriftene. – Koret gav óg sitt kulturelle bidrag til Dublin med å gje konsert i St.Patrick’s Cathedral. Den norske ambassadøren til Irland, Øyvind Nordsletten, møtte opp på konserten.

 

Etterpå reiste vi for å sjå korleis Guinness lagar ølet sitt.

Siste dagen i Dublin heldt koret konsert i St. Stephen’s Green der publikum (medbrakt og litt til) låg kring i graset mellom høge tre og lytta til korsong og fuglekvitter. Avskjedskvelden vart vi køyrde ut i utkanten av Dublin, til Irish night. God mat og fengjande song frå ”The Merry Ploughboys” og ikkje minst ein forrykande  Riverdance gav ein flott avslutning på ein fin tur.

 

IRLAND

 

2010

 

Bilete frå

 turen

 

-klikk her

Whiskeytesting på Jameson

Fra konserten i St. Mary's Church, Killarney

Sauegjeter i superklasse. Styrer opptil 5 hunder med fløyte eller kommandoord.

Den norske ambassadøren, Øyvind Nordsletten sammen med vår formann Vidar Fristad og dirigent Jan Ove Petersen i St. Patrick's Church

Os Mannskor reisebrev o.a.
Made with Adobe Muse

Kontakt oss: brev.til@osmannskor.no

Webansvarlig: Thore Lunde thore@osmannskor.no

Adresse: Postboks 238 , 5202 Os.

Retur til

"Det Skjedde"