Os Mannskor reisebrev o.a.

 

2005 Island.

 

Tur til Island som var planlagd nær 40 år før, blei endeleg ein realitet denne sommaren. 26. juni innleia koret ei veke i uvanleg fint sommarver på øya. Og det var eit utruleg landskap som møtte oss då vi forlet flyplassen Keflavik - eit uendeleg lavalandskap dei fleste av oss ikkje hadde aning om. Etter ei stunds køyring fekk vi sjå ei låg betongblokk borte i horisonten, og skjøna etterkvart at dette var "Den blå lagune", dit vi var fortalt at vi skulle og bada. Blokka vi hadde sett først, var det tilhøyrande huset med service-personell, restaurant og suvenirbutikk. Lagunen var eit 1-2 meter djupt vatn rundt eitt dekar i utstrekning, midt uti lavalandskapet. Og her var vatnet nær kroppstemperatur og kom frå ei varm kjelde i landskapet med mineralsalt, gode for kroppen. Ein verkeleg behageleg og uventa velkomst til landet etter det første sjokket. Neste sjokk fekk vi då vi såg hotellromma våre i Reykjavik. Vi var innkvartert på eit hotell med namnet Hotel Cabin, mynta på reisande som berre trong ei rask overnatting på vegen inn eller ut av landet. Romma våre var så små at vi nær måtte ut av rommet for å snu oss rundt!

 

No var vi ikkje komne til landet for å vurdera hotellstandarden eller sitta på hotellrommet, og nøgde oss snart med situasjonen. Neste dag bar det av garde til dei historiske gardane Borg og Reykholdt for å sjå heimstadane til Egil Skallagrimson og Snorre Sturlason. Nye uventa syn møtte oss både på vegen og då vi kom fram, for her var det vide, grøne marker og litt lauvskog, omkransa av heller låge fjell. Her og der kunne vi sjå dampstrålar og -skyer koma ut frå fjellsidene. Dei synte at her var det varme kjelder under trykk.

På garden til Snorre Sturlason var det eit lite utandørs badebasseng med ei varm kjelde, og her, fortalde guiden, blei Snorre overfallen og drepen medan han bada. ...................

 

Den neste dagen gjekk turen endå lenger, gjennom tilsvarande landskap som dagen før, men utan tre eller skog å sjå. Men no kom vi til Gullfoss, største fossefallet på Island, og den var verkeleg imponerande! Ikkje i høgd, som heime, men med vatnmengd, breidd, vassprut og i det heile uvant utsjåande, der han rann utfor kanten av landskapet og ned i ei stor forkasting, litt som Niagarafossen. Det var hyller med stiar i bergsidene så ein kunne koma nærare innpå, og nokre stader kom det vassprut ut av fjellsida i forkastinga, vatn som gjekk gjennom årer i fjellet og kom ut i sidene som nemnt.

No gjekk turen vidare til staden der Alltinget blei halde i gamle dagar. Det var også ei smal forkasting der den amerikanske og europeiske kontinentalplata møter kvarandre, og eigentleg ein merkeleg tingstad, der talarane stod på kanten av forkastinga og snakka til tingdeltakarane nede i den. Her var også ei elv med ein foss ned i ein stor høl, dit dei kasta kvinner som dei trudde var hekser. Dersom dei flaut, var dei hekser og blei drepne. Så utfallet blei uansett det same for dei mistenkte kvinnene. Nedanfor tingstaden var landskapet lågt og vakkert med ein stor innsjø, men med sprekker i marka som synte at her var det rørsle i grunnen.

 

Reykjavik var ein by med rundt 120 000 ibuarar. Med forstader og omland budde to tredelar av eit folketal på rundt 320 000 i heile landet der. Vegane i og rundt byen var imponerande moderne. Mange av husa var kledde med plater, mange av bølgeblekk. Ein stor vasstank på toppen av ein haug midt i byen var utsiktspunkt og museum. Vi fekk vita at alle dei fine grøntareala om sommaren blei haldne i stand av elevar i ungdoms- og yrkesskulane. Dei hadde plikt til å ha sommarjobb med dette. Andre uvante sosiale tiltak var t.d. alle badeanlegga rundt i Reykjavik. Desse hadde sauna og symjebasseng, og var gratis for ibuarane i området.

 

Vi hadde fritid der vi vandra rundt og såg oss om. På kaia var ein vidkjend pølsekiosk, med "dei beste pølser i verda", og der m.a. president Bill Clinton hadde handla. ..

 

Made with Adobe Muse

Kontakt oss: brev.til@osmannskor.no

Webansvarlig: Thore Lunde thore@osmannskor.no

Adresse: Postboks 238 , 5202 Os.

Retur til

"Det Skjedde"