Os Mannskor REISEBREV o.a

 

Shantyfestivalen i Langesund (1996, -99 og 2006).

 

Langesund er den staden Os Mannskor har gjesta oftast på festival. På denne Langesund International Shantyfestival arrangert av Langesund Mandssangerforening har koret deltatt heile 3 gongar, i 1996, 1999 og 2006. I den idylliske vesle byen, med ferjerute til Danmark og kontinentet, og ei mengd små butikkar og spisestader i tronge gater med låge trehus, har mange, særleg utanlandske, kor og songgrupper deltatt med mykje uvant og rytmisk vellyd som resultat.

 

Den første festivalen Os mannskor deltok på, gjekk av stabelen andre helga i juni 1996. Her song vi blant tradisjonelle shantyar ”Heimfiskarshanty”, nylaga for Os Mannskor av Jimmy Øvredal, som også deltok med sitt trekkspel på turen. Om dagen hadde ein framføringar rundt på tilviste stader i byen, à là ”singer’s corner”, og om kvelden var det konsertar der ulike koreiningar og musikarar opptrådde under reine jam-stemninga. Shantyar har i dei fleste nummer solistframføring med koring, og på desse festivalane måtte mange av mannskormedlemene opptre som solistar - uvant, men også moro.

 

Med i opplegget for festivalane var moglegheit for tur med ”Christian Radich”, og om kvelden felles middagsservering og bryggjedans, gjerne med spontane songnummer av kor og grupper. Som vanleg er, hadde også koret vårt fått ordna med fellesrom på hotellet, der ein kunne ha hyggje og moro til langt på natt. Her var damene våre gode å ha med, i tillegg til å opptre som fans og skapa liv og inspirasjon om dagen.

 

Det høyrer med til historien om denne festivalen at Os Mannskor i slutten av oktober arrangerte ein litt uvanleg konsert heime i Os, der Bergen Munnspillorkester deltok etter avtale i Langesund, og der ein nytta repertoar frå festivalen og kyrkja. Her song Os Mannskor shantyar og negro spirituals, bl.a. med soloar av Grete Inger Berge, og pianospel ved koret sitt eige medlem, Øyvind Vik.

 

Dei gode festivalopplevingane medførde deltaking både i 1999 og 2006. Grunna ein del fråfall blei koret styrkt med mannskap frå Os Kammerkor og Bergen Mannskor i 2006. Deltakinga gjekk fint, og før returen med buss sundags morgon song koret ved høgmessa i kyrkja. Her framførte koret m.a. ”Anna Lovinda” med solo ved Thore Lunde og akkompagnement av Bergen Munnspillorkester. Dette var 1. pinsedag, og innslaget gjorde stor lukke i kyrkjelyden.

Deltaking i festivalen trong ikkje å ha stogga med dette, men både avgrensa økonomi og ønskje om nye opplevingar andre stader har voge tyngre til no.

 

 

Made with Adobe Muse

Kontakt oss: brev.til@osmannskor.no

Webansvarlig: Thore Lunde thore@osmannskor.no

Adresse: Postboks 238 , 5202 Os.

Retur til

"Det Skjedde"