Os Mannskor tek gjerne imot nye medlemer:

 

Har du korerfaring er det ein fordel, men ikkje eit krav. Du må likevel lika å syngja med den stemma du har. Du vil få hjelp til å utvikla stemma, og hjelp til å læra nye melodiar.

 

Koret legger stor vekt på det sosiale, og at me skal ha det kjekt med songen vår.

Kravet til deg er at du deltar på øvingar og konsertar.

 

Er du interessert kan du ta kontakt med nokon i koret, eller eit av medlemmane i styre. Du kan også møte opp i auditoriet på Nore Neset  Undomsskule på ein av øvingsdagane.

 

Sosiale aktivitetar;

 

Koret deltar på ulike arrangement innlands, og har fast ein lengre tur (utland) kvart femte år. Neste utlandstur er i 2020. I 2005 var me på Island, i 2010 på Island og 2015 deltok vi på "Feuer und Stimmen" i Østerike og vi kombinerte det med tur til  Gardasjøen i Italia..

Damene våre er viktige for oss, og er sjølvsagt med på turane våre.

 

Vi har to faste årlige arrangement i Årsfesten i mars, og Haustfesten (damefesten) som blir arrangert av damene våre.

 

Faste øvingar i  auditoriet på Nore Neset Undoms-skule.

 

Kvar tirsdag

kl. 18:45 til 21:00

Made with Adobe Muse

Kontakt oss: brev.til@osmannskor.no

 

Adresse: Postboks 238 , 5202 Os.

Webansvarlig: Thore Lunde thore@osmannskor.no